I Røyteholet har det vore seks-sju sel og ein del fjøshus. Stølsdrifta i Røyteholet vart slutt i 1953. I dag er her fem sel og ei kombinert sel/hytte som alle blir haldne godt vedlike.

Det var ikkje slåttegjerde på sjølve stølen Røyteholet. Men på Nipa var det utlagt slåtteteigar som dei ulike brukarane slo og gjorde seg nytte av. Høyet vart lagra i løer og køyrt heim på vinterføre.

Til denne vintertransporten nytta dei ein annan veg. Dei køyrde om stølen Brekka og Ulvongo og heim til heimegardane. Dette var ein noko lengre, men laglegare køyreveg som fleire brukarar hadde nytte av, og dei kunne difor vera med å halda vegen open gjennom vinteren.

Røyteholet er stølen til Nedre Joranger, Krosshaug, Haugane og Bugge Næss.
Før det vart bygd veg til Skaret måtte me bera/kløvja det me hadde bruk for på stølen opp Jørongahagen- via Lyngsete.

Bufordagen laut både hest og folk hjelpa til. Kløvhesten frakta både ystekjel, kaffikvern, sengeklær og anna utstyr.

Om somrane vart det mange stølsturar. Oftast var det å ta med seg salt, mjøl og kaffi som skulle fram til budeia. Og så ei tung oste- og smørbør heim att.  Då var det godt å finna ein god kvilestad ved vegen. 

 

 

   

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjelltoppane Hest og Såta i bakgrunnen

Du kan lesa meir om Røyteholet her

Bli med til Lyngsetnipa

Bli med til Lyngsete

Kommunesenteret Gaupne

Sist oppdatert 24.09.2020 kl. 21:01


Share on FacebookShare on Twitter