Når ein er på Jørongo er det naturleg å venda blikket mot Feigumfossen (eller Feigefossen) som er en 218 meter høg.  Den ligg i Feigedalselvi, like ovanfor grenda Feigom på østsida av LustrafjordenYnskjer du å sjå fleire bilder av fossen så klikk her

Feigumfossen   Feigumfossen

              Feigumfossen     Feigumfossen

                                                                                    Feigumfossen     Feigumfossen

 Den 218 meter høge Feigumfossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs nordsida av fjorden.
Når du køyrer riksveg 55 langs nordsida av Lustrafjorden får du Feigumfossen rett i fanget frå sørsida. Dette er eit så mektig syn, 218 meter vatn i fritt fall, at du kanskje vil utforske fossen nærare.

Då tek du den smale og idylliske vegen langs sørstranda. Du stoggar ved fjorden der Feigeelva renn ut og går opp til fossen. Brått når du kjem over ein bakkekam står fossen rett imot deg i all sin velde; ei mektig, nesten sjokkarta oppleving. Held du fram til topps får du stadig nye utsyn til du møter Hurrungane, den flotte fjellheim på toppen.

Fleire bilete av Feigefossen

HEIM TIL STARTSIDA

startsidetillegg/o.gif

Sist oppdatert 30.06.2020 kl. 11:22


Share on FacebookShare on Twitter