Logoer/heim.gif

Joranger kirke, Joranger kyrkje, Jørongakyrkja, Jorunga kirkja:

Joranger kyrkje er langkyrkje i tre. Kyrkja, som har 85 sitjeplassar, vart truleg bygd på 1620-talet, men 1660 vert rekna som byggjeåret av mange. Joranger var tidlegare eit eige sokn i Hafslo prestegjeld, men vart slått saman med Fet, til Fet og Joranger sokn.

Dette skjedde i samband med at Fet og Joranger vart overført til Jostedal prestegjeld frå 1. januar 1967

I 2020 feirer kyrkja 400 år.

Joranger kyrkje har fått namnet sitt frå den næraste garden, Jørongo, som og har gjeve namnet sitt til kyrkjesokni. Kyrkja si plassering kan ha samanheng med at det budde ei storætt på staden då kyrkjer i mange høve var plassert på storgardar. Alderen på kyrkja er uviss men kan opphavleg ha vore bygd ein gong på 1200-talet. I 1341 var ho kalla ”Jorunga kirkja”  Kyrkja hadde eigen prest i mellomalderen. Kyrkja har truleg stått til forfall og kan ha vore rivi tidleg på 1600-talet. Ei ny kyrkje vart truleg reist i 1620-åri og ho skal vera identisk med kyrkja som står der i dag. Materialar frå den gamle kyrkja skal ha vore nytta i nyekyrkja som er ei tømmerkyrkje med liggjande kledning. Ho har eit åttekanta tårn som er dekt med kopar, og har elles ei sval som vart nytta som våpenhus.    

Kyrkja er måla innvendig i 1643 og 1652 og langbjelkane oppunder taket og i skipet er dekorerte med sitat frå Det gamle testamentet. Sjølv om kyrkja har vore omvølt fleire gonger, sist i 1969-1971, har ho likevel behalde sin gamle stil innvendig. I kyrkja vart det funne 189 myntar under arkeologiske utgravvingar sommaren 1968. Dei fleste av myntane var frå middelalderen. Altartavla: ca. frå byggjeåret, preikestol: frå før 1660, døypefonten frå før 1700. To altarlysestakar er frå 1701.

Kyrkja/joranger-kyrkje.gif

To kyrkjeklokker, truleg frå 1200-talet, er framleis i bruk. På den eine står ei innskrift som kan tydast Til ære for heilag Olav, kongen.  På Bergen Museum finst ein særmerkt lysestake i bronse frå 1200-talet som kjem frå Joranger kyrkje. Den er truleg ein lokal kopi av ein fransk lysestake frå Dinant. Den vart funnen under golvet i kyrkja. På museet finst også ei såkalla "syrgjefane" frå 1677 over løytnant Jens Bille. (no i Bergen Museum) Fana hang i Joranger kyrkje. Innskrift: Hans Kong: MA: Til Danmark Norge welbestalter levtenant ofver Sogns compagnie edle oc webnand-hafle mand salig lens Bille.føed anno 1626 døde anno 1677 den 2 marsi. Hans alder 51 år.

Altertavla er frå om lag 1620. Ho er ei katekismetavle, med pilasteroppbygging, stort toppstykke og store venger med Kristus monogram, kanskje laga av Christen snikkar. Målinga er datert til 1639. Teksten på tavla er til venstre Herrens bøn, til høgre nattverdsorda, og øvst dåpsorda. Ei tid var eit måleri av den bedande Kristus sett inn i hovudfeltet.

Ut frå desse opplysningane er det meir nærliggjande å tru at kyrkja er frå tidleg på 1600-talet enn frå året som offisielt har vore nytta, 1660. Himlingsbjelkar kan vere frå gamlekyrkja på staden.

Klikk på meg eg kan bli mykje større Frå interiøret i kyrkja. Dekorasjonane på bjelkane i himlingen i skipet er daterte til 1652 og i koret til 1643. Bjelkane er rosemåla og har påmåla bibelord. Dei kan vere frå ei tidlegare kyrkje, men det er uvisst. Katekismetavla frå om lag 1620 har pilasteroppbygging. Ho har eit stort toppstykke og store venger med Kristus monogram. Truleg er ho laga av Christen snikkar. Målinga er datert til 1639. Teksten på tavla er Herrens bøn, nattverdsorda og dåpsorda. Alteret er av litt grovt trevirke og truleg frå 1660. Det er festa med trenaglar. Preikestolen har måleri av evangelistane. Han er truleg frå før 1660 og vart restaurert på 1970-talet. Døypefonten er ein jernring som er festa i bjelken i koropninga. Dåpsfatet vert lagt opp i ringen. Fatet er i messing med utstansa mønster og truleg frå før 1700. Dåpsmugga er frå nyare tid. Den såkalla  Det kimes til høgtid i Joranger kyrkje. Her er kyrkjetenaren i aksjon 31.12.2001 kl 17,07

Orgelet frå 1981 har fire stemmer, bygt av Jørgensens Orgelfabrikk.

 Nytt orgel 2013

Kamp om kyrkjefolket: I gamle dagar betalte folk tiende (ei årleg avgift bøndene betalte til presten) til den kyrkja som dei høyrde til. Difor låg prestane i Hafslo og Luster på 1700-talet støtt i strid om kva kyrkje folk på garden Dvergsdalen skulle høyre til. I 1755 truga presten i Luster med å jage både bønder og husmenn frå gard og grunn dersom dei ikkje søkte kyrkja i Gaupne. Folket i Dvergsdalen bøygde seg for trugsmålet, og betalte både tiende og offer til Luster-presten. Men då vart Hafslo-presten arg og gjekk til sak - og den vann han.
Sidan har Dvergsdalen sokna til kyrkja i Joranger!

Artikkelnummer:
SFFkl-101888

Prenta kjelder:
Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost:
postmottak.sffarkiv@sfj.no

Usikkert om byggjeåret

Joranger kyrkje er ei av tre kyrkjer frå 1600-talet som finst att i Luster frå den tida då gjenoppbygginga etter Svartedauden var i full gang. Når byggjeåret er usikkert, skuldast det ulike opplysningar som kjem fram mellom anna på interiøret i kyrkja. Bjelkane i kortaket vart dekorert i 1643 og bjelkane i himlingen til skipet i 1652. Altertavla er endå eldre, måla i 1639. Utfrå desse opplysningane er det meir nærliggjande å tru at kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, enn frå 1660, som offisielt har vore nytta. Årsaka til at årstalet 1660 fram til no er nytta av lokalhistorikarar og andre, er at fleire skriftlege kjelder held seg til dette årstalet. Eit dokument frå 1722 inneheld opplysningar om at

kyrkja i 1660-åra var ei stavkyrkje,

og at det vart teke ut heile tre kyrkjeklokker frå denne, som vart overførte til den nye kyrkja. Ein annan stad er det opplyst at kyrkja i 1660-åra var i forfall, og at det draup vatn inn i koret. Samstundes kan ein lese frå synfaringa i 1686 at kyrkja er kalla ein tømmerbygning som same året har vorte reparert og tjørebreidd. Det er naturleg at mange ut frå desse opplysningane har meint og meiner at Joranger kyrkje er reist omkring året 1660, eller ein gong mellom 1660-åra og 1686. Her er ein god del moment som talar mot at kyrkja vart bygd på andre halvdelen av 1600-talet.

Joranger kyrkje kan like gjerne vera ei tidleg 1600-tals kyrkje.

Det verkar lite logisk at målararbeidet og dekorasjonane som vart utført på bjelkane i 1640- og 1650-åra har vore kosta på ei gammal stavkyrkje i forfall. Det er òg vanskeleg å skjøne at ei kyrkje i slik forfatning skulle få ny altertavle. Var det ikkje meir naturleg å koste ny tavle i ei ny kyrkje?

Typisk 1600-tals kyrkje

Joranger kyrkje er det vi kan kalle ei heller typisk 1600-tals kyrkje. Både forma og storleiken minner mykje om kyrkja på Fet, som var riven i 1894. Skipet er om lag 11,5 x 8 m og koret vel 5,5 m i firkant. Våpenhuset er vel 3,5 m langt og bygt i eitt med skipet. Kyrkja var tjørebreidd den første tida, men i kjelder frå 1800-talet er ho omtala som kvitmåla. I dag er kyrkja kledd med liggjande, kvitmåla kledning. Tårnet er sett inn på taket og har eit ganske kraftig, åttekanta tårnspir som er dekt med kopar. I eit dokument frå 1722 kan ein lesa at der var ei sval under tårnet, og at den då gjorde teneste som våpenhus.

Oppunder taket i koret og i skipet er langbjelkane dekorerte med sitat frå Det gamle testamentet. Dekorasjonane er daterte til 1643 (koret) og 1652 (skipet). Dette er vanlege dekorasjonar frå 1600-talet, og mellom anna finn ein att liknande på takbjelkar i Gaupne gamle kyrkje.

Endringar og reparasjonar

Storparten av endringane har skjedd i nyare tid. Det siste store arbeidet vart utført på 1960-talet. Før den tid var kyrkja utan grunnmur, og mykje av treverket var øydelagt av sopp og til dels ròteskader. I samband med at det vart sett opp grunnmur, måtte heile kyrkjebygget jekkast opp. Vidare måtte dei svære tårnstokkane skøytast på nedst. Dei står på golvet bakerst i skipet, og er truleg frå stavkyrkja. Stokkane hadde både ròteskader og vasskader, det siste etter ein lekkasje i tårnet. Fargane i kyrkja vart også endra på denne tida. Karmane i vindauga og taket i skipet vart måla opp att, og dei lysegule benkene frå 1880-talet vart avluta.
Spor i dekorasjonen i korveggen (skiljet) viser at den nedste delen av veggen på eitt tidspunkt er vorten fjerna og erstatta med maskindreia traleverk. Minst to bjelkar ser ut til å ha vorte fjerna. Kva tid arbeidet er utført er ikkje sikkert, men utfrå meldinga "Kirkens Rep. Foregikk Høsten 1888. Avsl. 12. Sept", kan det ha skjedd i slutten av 1880-åra. Orda står på ei fjøl i kyrkja og er signert Ole Ellingsen Holseter.

Tømmeret som vart til overs frå dei gamle korveggene skal ha vorte nytta då vindauga i koret vart utvida. Desse var tidlegare berre halvparten så store som no, og stod lenger oppe på veggen. Benkene i kyrkja vart skifta ut i same tidsrommet.

Ein interessant detalj i Joranger kyrkje er dei tjukke tømmerstokkane nedst under glaset framme på nordsida i kyrkjeskipet. Dei har drypphol tilsvarande dei ein finn i det ståande tømmeret i Hopperstad stavkyrkje. Delar av dei innvendige veggene i Joranger kyrkje ser ut til å vere tømmer som har tilhøyrt stavkyrkja på staden. I koret er der fleire fine detaljar, ikkje minst den uvanleg vesle og enkle alterringen.

På nordsida står bispestolen, på sørsida klokkarstolen, begge er innebygde. Sakristiet i dagens kyrkje er på sørsida, ved inngangen. I omtalen av kyrkja skreiv bygdebokforfattar Jon Laberg på 1920-talet at Joranger kyrkje i den seinare tida hadde vorte mykje omvølt. Og kvitmåla som ho er, ser ho ikkje so verst ut, utantil.

Kunst og inventar

Altertavla er frå om lag 1620. Alterbordet, av litt grovt trevirke, er truleg frå 1660. Det er festa med trenaglar. På alteret står to lysestakar i messing frå 1701, ei gåve frå Jens Hansen Ørbech og Margrete Pedersdatter Haning. Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk, ein disk, ei oblatøskje og ei skei. Biletbibelen er frå 1840 og ligg i "bispestolen" i koret. Preikestolen er truleg frå før 1660, og har måleri av evangelistane. Han vart restaurert på 1970-talet. Døypefonten, som er festa i bjelken i koropninga, er ein jernring som dåpsfatet vert lagt opp i. Dåpsfatet, i messing med utstansa mønster, er truleg frå før 1700. Dåpsmugga i messing er frå nyare tid.
Kristus-biletet som heng i koret på ein sidevegg, viser Kristus i bøn. Det er ukjent kven kunstnaren er. 
Ei tid var dette måleriet  sett inn i hovudfeltet på altertavla.

Her er to kyrkjeklokker, begge truleg frå 1200-talet. Den eine har ei innskrift som kan tydast som "Til ære for Heilag Olav, Kongen". Ei tredje kyrkjeklokke er skada og ikkje i bruk.

Kyrkja 1910  

Kyrja 1910 innvendig

Kyrkja 2010. 

Kyrkja 2010 innvendig   

HEIM TIL STARTSIDA

Sist oppdatert 27.09.2020 kl. 08:56


Share on FacebookShare on Twitter