Fra v. Kari Tryti og Klara Bøyum

Departementet tilsette Kari Tryti som styrar og vevlærarinne og Klara Bøyum som saumlærarinne i midlertidige stillingar då Buskerud kvinnelege husflidsskule starta opp hausten 1956(B)(B). Kari kom flyttande frå Vassenden i Jølster der ho hadde vore tilsett som vevlærarinne ved Heimeyrkeskulen i Jølster(B) i tre år, 1953-1956(B

Kari og Klara, med hjelp av timelærarar dreiv dei to klassane ved skulen i 6 år til det vart oppretta ei ny klasse i saum frå hausten 1962. Turid Gislerud vart då tilsatt for å vera med å dekka undervisningsbehovet for den nye klassa. No var dei blitt tre om å dela på lærarbehovet ved skula. Slik var det i 3 nye år, t.o.m skuleåret 1964/65. Hausten 1965 gjekk Klara ut i eit års permisjon. Anne Karin Øverby var då vikar for henne. Ny endring kom etter skuleåret 1969/70. Då slutta Klara Rust og Turid Gislerud gjekk ut i eit års permisjon, vart Arnlaug Bergli tilsett for å dekka opp stillinga til Klara. Arnlaug som hadde vore elev ved husflidsskulen skuleåret 1956/57, hadde deretter utdanna seg til handarbeidslærarinne og skaffa seg 5 års erfaring frå husflidsskule i Telemark. Som vikar for Turid vart Inger-Marie Schiøtz frå Krødsherad tilsatt. Gruppebilde frå skuleåret 1972/73 viser eit nytt lærarfjes. Ingolf Joranger vart tilsett som læar i vevtegning i vevklassa 6 t pr. veke. Dette heldt han på med til han skuleåret 1978/79 fekk heil stilling ved skulen. Ingolf var spesialpedag ved Glitrehaug skule og arbeidde bl.a med Ole Anders Bottolfs. Det viste seg at Ole Anders hadde gode kunstneriske evner og vart difor søkt inn på grunnkurs i tegning form og farge ved husflidsskulen. Det var ikkje ressursar til å ta inn elevar med spesielle behov ved husflidsskulen, men dette ordna seg ved at Ingolf Joranger full stilling ved skulen. Rektor Solveig Orstad gjekk ut i to års permisjon dette året for å arbeida i Norad. Ingolf Joranger vart hennar stedfortredar og vikarierte som rektor frå hausten 1978 til våren 1980.

Kari Tryti f 14.11.1914 d 06.08.2013. Ho er gravlagd ved Asker kyrkje felt 592(B)(B). Kari er gravlagd i grava til Alfhild Tryti f 04.08.1878 d 29.10.1972 som truleg er mor hennar.

Kari Tryti var tilsett ved husfldsskulen på Gol i 24 år. Frå 1956 - 1974 som styrar/rektor og vevlærar. Kari seier opp rektorjobben, ho er lei kampen ho har stått i for å sikra at skulen- på linje med andre vidaregåande skular får to-årig grunnkurs. Frå i år vil inntaket skje sentralt via ei datamaskin, dette har vi kjempa mot dei siste åra, dermed mister me den direkte kontakten med søkjaren seier Tryti til Hallingdølen våre 1974. Solveig Orstad blir ny rektor. Kari går no over til ein ordinær lærarstilling som vevlærar og held fram til våren 1980 då skulen flytter over til LK-bygget. Kari fluttar no attende til Dalmyra/barndomsheimen i Asker (B)(B)

Klara Rust født Bøyum f 09.08.1922 d 31.03.2004 g 1962 m Bjørn Nilson Rust f 03.02.1920 d 17.05.1988. Gravlagd ved Gol kyrkje felt F (B).

Klara var tilsatt ved husflidsskulen i Gol som lærar i saumklassen frå 1956 til 1969 med unntak av skuleåret 1965/66 då Anne Karin Øverby(B) var vikar for henne.

Frå skuleåret 1962-63 får skulen 3 klassar. To i saum og ein i vev. Turid Gislerud vart hausten 1962 den tredje læraren ved skulen (B).

Turid Liodden født Gislerud f 23.11.1928 d 09.04.2015 g 1970 m Ola H. Liodden f 16.11.1919 d 07.10.2013. Ola var tidlegare g m Kari Liodden født Kolsrud. Dei er gravlagd ved Nesbyen kirke felt 07(B)

Turid var elev ved husflidsskulen skuleåret 1957/58(B), tok utdanning og vart tilsatt som lærar frå skuleåret 1962/63 t.o.m skuleåret 1991/92 med unntak av skuleåret 1970/71 då Inger-Marie Schiøtz(B) var vikar for henne.

Turid var svært oppteken av bunadtradisjonen i Hallingdal og ho rekonstruerte kvinnebunaden frå Flå i 1953(B)

Då Klara Rust slutta våren 1970 vart Arnlaug Bergli tilsett for å dekka opp stillinga hennar. Arnlaug som var elev ved husflidsskulen skuleåret 1956/57(B) hadde deretter skaffa seg utdanna som handarbeidslærarinne og 5 års praksis frå husflidsskule i Telemark.

Arnlaug Bergli Wetlesen født Bergli f1838 g 1973 m Ivar Anton Wetlesen f 03.09.1935 d 03.02.2014 Han er gravlagt ved Gol kyrkje felt G(B)

Arnlaug var tilsatt ved Buskerud husflidsskule frå skuleåret 1970/71(B) til t.o.m skuleåret 1985/86(B) med unntak av fødselspermisjonar.

Ingolf Joranger f 21.06.1940 g 1966 m Ingrid Johanne Joranger f 28.06.1942

Ingolf Joranger vart tilsett som læar i vevtegning i vevklassa ved Buskerud husfidsskule skuleåret 1972/73, 6 t pr. veka. Dette heldt han på med til han skuleåret 1978/79 fekk heil stilling ved skulen. Ingolf vikarierte som rektor frå hausten 1978 til våren 1980 då Solveig Orstad gjekk ut i permisjon. Han underviste i faga teikning, fargelære, trearbeid, keramikk, musikk , korgfletting metall o.a. Han hadde og administrative stillingar som studieinspektør og rådgjevar. Ingolf var ved skulen frå hausten 1972 til våren 1988. Då starta han på 3-årig vidareutdanning i produktutvikling og bedriftsøkonomi. Ingolf arbeidde deretter som frilansar eit par år. Han arbeidde bl.a. med etterbruk av Glitrehaug skule og nokre prosjekt for PPT i Hallingdal, før han vart lspesialpedag ved Ål v.g. skule og Lien landbrukssule. Etter skuleåret 2001/2002 vart han pensjonist.