HISTORIA OM GOLREPPEN
Erling Lae : Dette er et av de få bildene fra Golreppen før utskiftingen rundt 1900. Her var det gamle bygdesenteret. Gardstunene lå tett som en landsby langs gamlevegen ovenfor kirken og de hadde åkerlapper spredt rundt i hele reppen. Prestegarden hadde 32 åkerlapper. Ved utskiftingen ble jorden samlet for hvert bruk, men seks gardstun ble flyttet, og noen tun ble bygd opp langt unna det opprinnelige tunet. 32 bruk var omfattet av utskiftingen. Flyttingen var gjennomført i 1903. Opphavsgården ble gradvis oppdelt, og de nye gårdene utskilt, gjennom middelalderen (1000-1300). Gårder som ble ryddet eller utskilt før svartedauen (1349/50) er alltid i ubestemt form (Eidsgard, Trondsgard, Ro), mens bruk fra nyrydningsperioden fra 1700-tallet, har «bestemt» form (Steingarden, Buksegarden, Rone, Berget).
Bilde er av Golreppen før utskiftinga (1894-1901). Fremst fjøs og stallar i Brekke(B)(L). So Storla(B)(L), Kivegard(L), Prestgarden(B)(B)(L), skimtar nokre hus i Tronsgard(B)(L), Lagmansgard(B)(B)(B)(L), Eidsgard(B)(L) og til høgre Tronsgardhaugen(B)(L). Lenger ned kyrkja(B), Tingstugu(L), mellom kyrkja og Tingstugu ser ein bygnaden og nokre av husa på Leikvollen(B)(B)(L). Lenger ned Røysen(B)(B)(B)(L) og Kjendbal(B)(L). Endringar etter utskiftinga 1894/1901(B)(B)(L). Dei som måtte flytta(B). Omtale av utskiftinga(L)(B)
Tronsgard og Storla gjekk over frå kyrkje- til reint bondegods etter 1626, men før 1647.(L) Les om kyrkjegods her. Dokument viser at Hersgård betalar landskyld til Gol kyrkje i både 1647 og 1661, og vart såleis bondegods noko seinare. Om landskyld her. Det går og fram at kyrkja eig Hagen (Finnesgarden/Hoftunshagen)(L) i både 1647 og 1661.
Tidfesting: Hov, Herad og Repp er Ikkje berre kongesegner, men også stadnamn som fortel om organiserte bygdesamfunn i tidleg vikingtid. Dei fleste er knytt til norrøn gudsdyrking. I Gol finn vi gardsnamnet Hoftun og Frøysok og stadnamnet Golreppen og Herad. Begge kan vera minne om lokalt styringssystem frå tida etter at landet kom under kongemakta og vennskapen mellom bøndene og lokale småkongar vart svekka.
Ein repp er også brukt om ei klynge med gardsbruk. Ei tett grend. Gardane her er opprinneleg skilt ut frå opphavsgarden Gol/Gord. Det opphavelege tunet til gamlegarden har nok lege ein stad midt i Reppen, og særleg er det tunet til Hersgard som peikar seg ut. Rundt denne garden vart det rudd nye gardar. (Eidsgard, Hersgard, Lagmannsgard, Kivegard, Olsgard, Tronsgard osv), og då dei etter kvart utgjorde ei heil grend, vart området kalt Golreppen.
Det opphavelege Golvaldet(L) har rådd over det som frå gamalt av heitte Gol, og grensa til Herad(B), Garnås, Ål, Hemsedal og Valdres. Feire av gardane i Golreppen hadde utmarksbeite i Åsgardane. Skogremmar hadde dei ned på Mo`o(det som i dag er Gol sentrum).
Frå mellomalderen av og fram mot 19. århundre var Golreppen midtpunkt i bygda.
Den norske mellomalderen starta i år 1030 då landet vart kristna, og varte til reformasjonen i 1536. Høgmellomalderen er prega av folkeauke og økonomisk vekst(B). Kyrkjer vart reist i alle bygder, og eit tjuetal kloster vart bygd utover landet. Seinmellomalderen vart derimot ei nedgangstid med avfolking og øyde grender. Svartedauden i 1349-50 er den hendinga som klarast set skilje mellom desse to bolkane.
I Golreppen stod den gamle stavkyrkja 1200 -1882(B)(L)(L) og her var det postopneri på bruket Røysen frå 1847 like ved der Tingstugu vart bygd i 1857/60 og Gol Kyrkje(B) sto ferdig i 1881. Og her var det krambu i eit av Eidsgårdhusa. Bøndene møttes til haust- og vårting i tingstova.
Gol og Hemsedal prestegjeld vart skild ut frå Nes prestegjeld som eiga prestegjeld ved kongeleg resolusjon 17. desember 1836(B). Gol og Hemsedal kommune vart oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1837. I 1897 vart Hemsedal skild ut som eigen kommune. Mot slutten av 1800-talet høyrde Gol til Ringerike og Hallingdal fogderi i Buskerud amt. Buskerud amt vart i 1919 omdefinert til Buskerud fylke.
Golreppen 1892, før utskiftinga. (E. T. Braaten)
I bilde ser ein "Kirke-Tingstugu" ved sida av Gol kyrkje. Og ein ser veglina (Hemsedalsvegen) nederst i bildet som vart stukken i 1871 og bygd dei næraste åra. Raud pil syner posthuset som vart flytt til Teigen(B) i 1882, der det vart bygd eit hus av bl.a. materialar frå stavkyrkja som vart riven på den tida. Posthuset vart i 1897 flytt til tomta til "Turhustbutikken"(B) ved Heslabrua.
Bilde over med stadsmarkering, er av Narve Skarpmoen ca.1901, er teke før jernbana vart bygd og syner buplasser også nedom Golreppen på denne tida.
1: Tingstugu(B)(L). 2: Røysen(B)(L)(L). 3: Prestegarden(B)(L). 4: Øvre Veahøle/Rudningen(B)(L). 5: Bakken/Gampebakken(B)(L). 6: Nedre Veahøle(B)(L). 7: Mekkel-Bakka(B)(L). 8: Petterbråten(B)(L). Det store magasinet sand skjuler husa i Renslo. Det var sandtak her i mange år før det vart byggjefelt. 9: Renslo(B)(L). 10: Roen(B), stugu vart før 1906 flytt til Veirud og seinare til Fagermo(B)(L)(L). 11: Tronderud(B)(B)(L). Løvlia(B)(L). 12: Veirud(B)(L). 13: Steinbråten(B)(L). 14: Jallen(B)(L). Ovafor Jallen ligg Larshus(B)(L) 15: Robøle(B)(L). 16: Søre Breidokk(B)(L). 17: Rolvshus(B)(L). 18: Søre Narum(B)(L). 19: Nordre Narum(B)(L). 20: Nordre Breidokk(B)(L). 21: Viko(B)(L). 22: Hahaug(B)(L)(L). 23: Huseplassen(B)(L). 24: Storøyne(B)(L). 25: Eidsvall(B)(L). Buplassen Glitre(B) som ligg vestafor Hemsil og ned mot Storåni må også nemnast. Ålingsvegen gjekk forbi her. Glitremoen(B) var ei stugu som stod like ved idrettsplassen på Glitre.
Området sør for Breidokgardane f.o.m Rolvshus t.o.m Narum utgjorde det såkalla Nøreimvaldet(L) (bilde(B) syner den omtrentlege gamle grensa som går frå Lisbetnuten til Melhovd) som saman med bruka i Eiklesvaldet(L), Hoftun- og Frøysokvaldet(L), (medrekna Hagen) og Livaldet(L) utgjorde Herad som skal ha vore eit sjølvstendig gardssamfunn med eigen tingstad(B).
Bilde over viser "gamlevegen" forbi Søre Kjednbal (kinneberg) opp gutu(B),forbi tingstugu gjennom tunet i Hersgard og bort til prestegarden og Storla.
Før den nye veglina vart bygd i første halvdel av 1870 åra gjekk vegen frå Heslabrua til Golreppen opp Møllebakken(B), forbi Sanderborg, og opp Røysebakken(B) til kyrja. Videre gjennom tunet i Hersgard og bort til prestegarden, Storla, og oppover det ein i dag kallar Søre Øygardsvegen(B). Vidare gjekk vegen framover Øygardane og ned til Robru. Der tok vegen oppover Kleppsbakkane og svinga seg framover til Hemsedal forbi Sørbøl(B), Ålrust og Eikre.
Den nye veglina frå Heslabrua tok snarvegen langs Hemsil-juvet(B), kryssa som før ved Robru og følgde deretter Hemsil på austsida til Hemsedal. Vegen vart kortare og flatare og var såleis eit viktig framsteg. Frå før gjekk det veg over Hemsedalsfjellet til Lærdal. Den vegen var ferdig i 1844. For at dei i Golreppen skulle kome seg til den nye veglina, vart det i 1874(L) bygd veg mellom Storla og Spildra. (Gol Kyrkje var på denne tida ikke bygd) Seinhaustes 1958 vart siste etappe av ny veg mellom Rotneim til Spildra ferdigbygd. Det sto att ein bete frå Gol Kyrkje til der ein møter den tidlegare omtalte vegen mellom Storla og Spildra(B)(B). Den nye veglina til Golreppen la grunnlaget for at Søre Øygardsvegen no kunne leggjast utanom tunet i Hersgard og Storla. Det vart difor bygd ny veg mellom Gol Kyrkje og Brekke. Det skjedde omlag 1960. Bildet frå august 1963 viser at vegen har vore i bruk ei tid(B).
Frå Golreppen mot Ål gjekk vegen gjennom Haugstadgutu (no veg forbi skiheisen) opp gamlekyrkjebakken(B) og vidare gjennom Nivstad. Gjennom Skagagutu forbi Kålhulu over Verpebakken og ned til Tuppeskogen, og vidare til Rotneim. På Rotneim vart denne vegen kalla kyrkjevegen. Men før 1820-vegen vart bygd etter storelva mellom Heslabrua og Rotneim, var dette også hovedvegen frå Gol og oppover dalen.
Golreppen etter 1911. (Nasjonalbiblioteket)
Midtpunktet i bøgda flytta seg sakte mot Heslabrua og etter kvart mot jerenbanestasjon..
Få kunne vel tenkje seg at dei steinete moane mellom det som i dag er Gol stasjon og Hesla bru, skulle bli sentrum i kommunen.
Korleis det nye sentrum utvikla seg kan du lesa om her(B)