Omgangsskulen tok slutt i 1870 åra, og skulen vart fast i hus som berre var bygd til skulebruk. Ein var ved eit tidsskifte. I over 100 år hadde omgangsskulen fare frå grend til grend i bygda. Med fast skule kom nye og betre arbeids- og opplæringsmåtar.
Les kva Hallvard Svello skriv om skule- og opplæring i Gol i 1820 åra her
GOLREPPEN KRINSGolreppen 17. mai 1895
Golreppen fekk fast skule i tingstova frå 1860.Klokkar Syver Viljugrein med konfirmantar.
Lærar Berg dyrka opp ein skulehage ved Tingstova.
Tredelt undervisning frå 1886.
Frå 1890 vedteke at den eine småskuleklassa skulle ha undervisning i Hesla i leigd rom.
Nytt skulehus på Sanderborg 1911Nytt skulehus på Sanderborg 1911. På folkemunne kalla "Golreppen skule". Bilde av skulen 1915 kan du sjå her. Skulen vart lagt ned 1960. (Herad skule brann i januar 1983. Elevane frå Herad skule heldt til på Golreppen skule medan skulen vart bygd opp att i 1983/84) Frå 1969 til 1989 brukte HVPU - Hallingdal dagheim bygningen. Bygget vart teke ned 1998 for å gje plass til vegutbygginga på staden. Her ser du "skalet" av bygningen, og det var usemje om etterbruken.
Gol skuleTomta til Gol Skule på Heslajordet vart grave ut i mai 1959, og bygging av skulen starta opp sama året. Skulen vart teken i bruk skuleåret 1960/61. Etter kvart som grendaskulane vart lagt ned, fekk elevane skulegangen ved Gol skule. Glitrehaug skule var nokre år ei underavdeling av Gol skule. Elevane i 1. og 2. klasse gjekk der fram til og med 2015 då alle grunnskuleelevane i Gol kommune byrja på nyeskulen august 2016. SFO for Gol- og Herad skule på Glitrehaug, vart og med til nyeskulen.. 2020 vart skulen selt Frå opninga av skulen her
Glitrehaug skoleDen gamle doktarbustaden vart Glitrehaug skole, ein barneskule for born med lærevanskar. Skulen starta opp 1964 og heitte då "Gol offentlig spesialskule" fram til 1976, då navnet vart endra til Glitrehaug skole. Skulen vart avvikla 1992.
Gol skule, (nyeskulen)Gol skule, (nyeskulen) ligg på Hallingmo og starta opp august 2016. Det er ein kombinert barne- og ungdomskule. Born frå alle skulekrinsane i Gol går her. Meir om skulen her
Gol ungdomsskuleGol ungdomsskule var ny i 1967. Etter at elevar og lærarar flytta til ny skule i 2016, stod skulen tom fram til 2019 då rehabiliteringa starta og Læringssenteret flytta inn.
Grunnarbeidet starta i august 2016. Taket var tett til jul. 14 borehol på 300 meters djup skal gje energieffektiv varme til anlegget. Det er også lagt opp til kjøleanlegg, slik at hallen kan nyttast på varme sommardagar. Alt vart klart til skulestart 2017. Meir om fleirbrukshallen her
Læringssenteret HallingdalTidlegare Gol Ungdomsskule vart pussa opp i 2019 og bytta namn til Læringssenteret Hallingdal.
HERAD KRINSDet første skulehuset i Herad vart teke i bruk 1877 og inkluderte elevane frå Liroten. Meir om skulen her. Du kan sjå Skulen etter ombygginga 1957 her. Ny Herad skule vart bygd 1983 og teken i bruk 1984. Elevane heldt til på Golreppen skule medan skulen vart bygd opp att etter brannen i januar 1983. Frå hausten 2019 vart Øygardane, Åsgardane og Rotneim barnehagar lagt ned og tilbodet flytta til Herad barnehage, tidlegare Herad skule.
Åsgardane (Åsgardo): skulehuset vart bygd i 1869. Lærer E. Bekkestad, Ål fortel i "Dølaminne" nr. 2 1925, om den tida han var lærer i Åsgardo. "Skulehuset stod den gongen på Haugen, og der budde han". Skulehuset vart flytt i 1882. 1925 fekk Gol kommune kjøpt tomt til Åsgardane skule for kr. 300 av Ola Berg. Det er den tomta skulen har i dag. Nytt skulehus vedteke bygd i 1937, men fekk det først i 1957.
Øygardane (Øydgardo): skulehuset bygd på Ro nær Pustekjelda i 1862. Vedteke å flytte skulehuset til Roteigen i 1890. Nytt skulehus i 1932-1934, bygd om 1956.
ROTNEIM KRINSRotneim: skulehus vedteke bygd i 1862. I 1890 vedteke at skulehuset skulle flyttast til Vesle-Eikra. Nytt skulehus i 1924, og ombygd 1957. Skulen vart lagt ned i 1993
Grønlio: skulehus vedteke bygd i 1885. Nytt skulehus 1954. Det gamle skulehuset vart flytta til bygdetunet på Skaga. Grønlio skule vart lagt ned 1963. Frå då av vart bygningen brukt som barnehage. Då barnehagen vart avvikla 1990 overtok grendelaget eigedommen.
Engjo: skulehus bygginga starta i 1863, det som står her i dag vart bygd 1937. Skulen vart lagt ned 1966.
GROV KRINSGrov: Stova er kjøpt frå Gol og flytt til Grov 1913. Skulen vart nedlagt 1951.
Nokre år var det separat skule i Sørbøl fordi skulevegen til Grønlio var so lang.
Åse Krins (skulen borti "åse" Klanten, Brenn, Fanterud etc.) vart skipa i 1876, og det var omgangsskule i Brenn fram til 1879. Frå då av gjekk borna gå på skulen i Åsgardane. Les meir om Åse krets her
______________________
Glitrehaug skole- og internatGlitrehaug skole for lærevanskar starta opp 1964 og heitte då "Gol offentlig spesialskule" fram til 1976 då navnet vart endra til Glitrehaug skole. Skulen vart avvikla 1992. Dette var ein barneskule for elevar med lærevanskar. Skulen hadde både internat og eksternat og var ein statleg skule. Statens spesialskoler hadde sin virksomhet frå 1825 til 1992.
Skuletilbod for åndsveike i Hallingdal kom i stand 1969 med tilhold i Golreppen skule. Der var dei fram til 1986. Då flytta elevane til nybygget Rystelia. HVPU reformen 1991 førte til at Rystelia vart lagt ned 1990. Skulebyningen brukes i dag som dagsenter.
Gol arbeidssenter er eit kommunalt dagsenter for menneskjer med psykisk utviklingshemming.
________________________________