HUNDSHAMMER

Gnr. 106

Sjølve tunet på Hunshamar ligg i klyngjetun nordaust på garden på ein hamar noko opp frå sjøen. Frå garden er avstanden inn til Marifjøra omlag 500 meter, og avstanden opp til soknekyrkja på Jørongo etter kyrkjevegen i Labakkane er på om lag to og ein halv kilometer. Garden var frå gamalt grend med dei øvste bruki på Marheim og heile strandstaden Marifjøra i vest og bruki i Dvergsdalane ut til Dvergshaugen i aust.

Tingstove og fiskegjerde på Hunshamar

Like ved Marifjøra ligg garden Hunshamar, og her ligg enno den gamle tingstova for indre Hafslo. Huset er ei røykstove frå 1700-talet, men har bygningsdeler som truleg skriv seg frå 1300- og 1400-talet. Bygningen er nemnt som tingstove første gongen i 1663, og er eitt av dei eldste bevarte husa i Luster kommune utanom mellomalderkykrkjene.

På denne garden finst merke etter ein eldgamal fiskemetode, der dei stengde av ei grunne nede i fjøra med eit steingjerde. Ved flo sjø vart opninga stengd, og fisken var fanga. Fisken vart seld dei to dagane i veka det var såkalla «smørdag» hjå handelsmannen i Marifjøra. 

 

  

   

Sist oppdatert 30.06.2020 kl. 11:24


Share on FacebookShare on Twitter