Hovudtunet på Tørvi ligg 250 moh., mens tunet på Øvretun ligg om lag 300 moh.
Kyrkjevegen gjekk inn til øvre Jørongo og vidare ned til nedre Jørongo. Sjøvegen til Marifjøra gjekk på same staden, og vidare ned til Marifjøra via La.
Ny bilveg frå Båtahola på øvre Jørongo til Tørvi stod ferdig i juni 1970.
Tørvi var einbølt like fram til byrjingi av 1900-talet og er mellom dei største einskildbruki i det tidlegare Jørongosokni. Etter den dåverande eigaren døydde i 1910, vart garden utparsellert i mange partar.
Tørvi kraftverk er et elvekraftverk som utnytter et fall på 130 meter i Tverrelvi. Installert effekt er 80 kW fra en peltonturbin. Årsproduksjon er 0,32 GWh. Produksjonsstart 2020.