Øvre Joranger ligg sørvest, og noko opp, for Joranger nedre. Lengst opp ligg "Krosshaug". Lengst ned "Einargarden". Mellom desse gardane ca 250 moh. og om lag 50m innafor Jørongagrovi, ligg "Olagarden", "Pergarden" og "Larsgarden", i eit klyngjetun.
På 1900-talet har frukt- og bærdyrling vore ei viktig attåtnæring for fleire bruk, sjølv om hovudnæringi tradisjonelt har vore husdyrhald.