Larshus ligg opp i lia ovafor Breidokk. Historikk(B)(L). Oversiktsbilde(B). Larshus år 2015(B). Gamlevegen til Larshus gjekk litt nordafor Larshus, tett ved Skreddarhuset. Derfrå gjekk vegen ned til Gol sentrum, via Jallen. Eller opp til Åsgardane via Bakken. Arne Larshus søkte om tilskot til bilveg opp til Rudningen i 1963, men fekk avslag. Vegen vart likevel bygd i 1963. Tilskotet fekk han i 1966.
Arne Larshus døydde i 1999 og bruket vart seld i februar 2002. Men kjøparen oppfylte ikkje buplikta og måtte selja. I november same året er det kome ny eigar, som ogå måtte forlata bruket. Eigedomen vart avertert for sal i november 2008. Noverande eigar kjøpte bruket i 2010.