Feigedalen
"Feigumsvassdraget er eit verna, relativt lite vassdrag som spenner over forskjellege naturtypar frå fjord til høgfjell. Det knyter seg klart størst naturfagleg interesse til Feigumsfossen, som med eit fritt fall på 218 meter er eit imponerande skode over Lustrafjorden og ein høgt profilert turistattraksjon. Noko høgare oppi vassdraget ligg Hanafossen, med eit fritt fall på over 100 meter, og ovanfor denne igjen Drivandefossen. På toppen av fossen møter ein Breidava og fjellstølen Feigedalen som var støl for både Feiga og Bergheim. I Husadalen og i eit område vest for Dyrdalsvatn ligg markerte randmorenar. Hanafossmyrane, 840 m.o.h., har verdi både som naturtype, landskapselement, våtmark og viltområde. Høgfjellsdelen av nedbørfeltet er kalvingsområde, vinterbeite og til dels også sommarbeite for villrein. Rivenosi er viktig fjellrypeterreng. Nedre Feigedalen peikar seg ut som eit allsidig viltområde. 

På veg til Feigedalen er det naturleg å gå om høgdegarden Bergheim(B)(B) og vidare opp til Bergheimstølen(B)(B).

Det er uvisst om ein skal rekne Feigum og Bergheim til Sørheim eller Kroken. Feigedalen er delt på tvers over Feigevatnet, der ein finn Sørheims-Feigedalen øvst i dalen. Ein må nok tolka det som at Sørheim har hatt heile området, og at Feigum og Bergheim har vore skilt ut frå Sørheim mot grensa til Kroken. Sørheim har då halde fast på dei øvste stølane i dalen.

Fjellvenner.no gjekk "Feigefossen rundt" i 2023. Dei tok bilete på turen og dei kan du sjå her

Det har kome ei ny hytte på Bergheim, den kan du sjå her

Nokon har gått Tur frå Stokkesete ved Tindevegen, til Bergheim